Opning av laksegiljene til Kleiveland gard

Laurdag 19. august vil me prøva å lage til ei storstilt opning av laksegiljene. Det er litt vanskeleg å komme fram på land, difor vert me i båtar på fjorden utanfor. Ein skyssbåt skyssar dei som vil i land og sjå på giljene saman med ein som fortel og demonstrerar korleis dei virkar.

DS Oster kjem til å gå frå Ostereidet til Tysse og deretter inn til Kleilandsbugen. MS Bruvik går frå Bergen, Frekhaug, Salhus, Knarvik og Hamre. Bestill biletter her.

Opning ved Ordførar Jarle Skeidsvoll. Talar. Musikk ved Fotlandsvåg Musikklag.

Pris kr 390,- per deltakar. Sjømatbuffet er inkludert i prisen. Drikke kan kjøpast ombord. Tinging av billettar:  http://www.deltager.no/oster-laksegiljer

Dei som ønskjer det, kan bli frakta i land for å sjå på laksegiljene og høyre om korleis ein fiska laks med sitjenot. 

Alle båtar i området er inviterte til å delta på fjordafesten.

Her er ein link til kart.

Foreløpig program under bileta.

 

 

  • Tentativt program frå D/S Oster og M/S Bruvik som vil ligge side om side på fjorden ved Indre Askildnes fra kl. 12.00-14.00.
  • «Fjorden og folket» – Festskriv for dagen ved Geir Kleiveland, Osterøy Sogelag vert delt ut
  • Fotlandsvåg musikklag spelar
  • Song ved Ingunn Spilde
  • Kort orientering om Askildneset og laksefiske på Nøvæ og Idnapå v/ Erling Keiveland
  • Tale ved ordførar i Osterøy kommune, Jarle Skeidsvoll
  • «Fjorden som ferdaveg mellom Voss og Bergen» ved Rune Revheim
  • «Fjorden som ein del av UNESCOs biosfæreprogram» ved professor Peter Emil Kaland, UiB
  • «Status for Osterfjorden som laksefjord» ved Geir Magne Gammersvik, Hordaland sjøfiskarlag
  • «Kva meier vi med å ta fjorden tilbake» ved Dag Kenneth Marholm, SeaCamp
  • Eventuelt fleire talar
  • Skyss for ilandstigning til laksegilja Idnapå ved Tore Heimvik /«Ospenes» – sertifisert for 15 passasjerar.
  • Matservering på båtane frå kl. 13.00. Sal av drikke.
  • Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

    Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.